Sigurd Havtoresson SørumAge: 66 years1315–1381
- Name
- Sigurd Havtoresson Sørum
- Given names
- Sigurd Havtoresson
- Surname
- Sørum
Birth | about 1315 40 23 |
Birth of a daughter #1 | Agnes Sigurdsdatter yes |
Death of a father | Havtore Jonsson 1319 (Age 4 years) |
Death of a mother | Agnes Haakonsdatter about 1319 (Age 4 years) |
Marriage | Ingebjørg Erlingsdotter — View this family 1342 (Age 27 years) |
Death of a wife | Ingebjørg Erlingsdotter 1370 (Age 55 years) |
Record ID number | MH:I162 yes |
Record ID number | Ingebjørg Erlingsdotter — View this family MH:F84 yes |
Death | after 1381 (Age 66 years) |
Family with parents |
father |
Havtore Jonsson Birth: 1275 30 Occupation: Death: 1319 |
mother |
Agnes Haakonsdatter Birth: about 1292 22 Death: about 1319 |
Marriage: — |
|
himself |
Sigurd Havtoresson Sørum Birth: about 1315 40 23 Death: after 1381 |
-2 years elder brother |
Jon Havtoresson Birth: 1312 37 20 Death: about 1395 |
Family with Ingebjørg Erlingsdotter |
himself |
Sigurd Havtoresson Sørum Birth: about 1315 40 23 Death: after 1381 |
wife |
Ingebjørg Erlingsdotter Birth: Death: 1370 |
Marriage: 1342 — |
|
daughter |
Agnes Sigurdsdatter Birth: Death: before 1409 |
Shared note | Sigurd Havtoresson, død 1390, dødssted ikkje kjende, Fødd omkring 1315 i Noreg; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende. Godseigar, lagmann, syslemann, høvedsmann og riksråd. Foreldre: Riddar og syslemann Havtore Jonsson (ca. 12751319 el. 1320) og Agnes Håkonsdotter (nemnd 130212). Gift truleg 1342 (etter 29.9.) med Ingebjørg Erlingsdotter (nemnd første gong 1338, død truleg 1370 (etter 15.8.)), dotter til drottsete Erling Vidkunnsson (ca. 1292/931355) og Elin Toresdotter (nemnd 132947). Dotterson til kong Håkon 5 Magnusson (12701319); bror til Jon Havtoresson (ca. 13121388/95); syskenbarn til Herdis Torvaldsdotter (ca. 13101363); mors syskenbarn til Ogmund Finnsson (ca. 13151388); morfar til Sigurd Jonsson (ca. 1395ca. 1453); mormors morfar til Otte Matsson Rømer (ca. 14301512).
Sigurd Havtoresson høyrde til toppsjiktet innan den norske stormannsgruppa på 1300-talet og var i si tid Noregs største private jordeigar.
Som dottersøner til Håkon 5 hadde Havtoressønene ein ættebakgrunn som ingen andre norske stormenn. Etter faren arva dei eit omfangsrikt jordegods, som vart skift slik at Sigurd overtok farens setegard Sørum (Sudrheim) og tyngda av jordegodset på Romerike, Jon fekk sin hovuddel lagd til Borgarsysla, konsentrert om storgardane Huseby i Onsøy og Borregård i Tune.
Godseigedomen auka gjennom arv, påskunda av utviklinga etter Svartedauden. Dette førde to større godssamlingar over til Havtoressønene: heile eller delar av det godset riddaren Sigurd Erlendsson på Sandbu i Vågå og kona Gudrun Ivarsdotter truleg dotter til Ivar Jonsson, farbror til Havtoressønene døydde frå (forlik 1353), og godssamlinga til syskenbarnet Herdis Torvaldsdotter, m.a. med eigedomar på Shetland (dom 1366). Derimot ser det ikkje ut til at dei fekk noko av arven etter Ogmund Finnsson, jamvel om herr Ogmund etter eige utsegn ikkje vedkjende seg andre arvingar enn herr Jon og herr Sigurd.
1342 fekk Sigurd paveleg dispensasjon til å gifte seg med jomfru Ingebjørg, dotter til Erling Vidkunnsson; dispensasjon trongst sidan dei var skylde i fjerde ledd. Erlings einaste son Bjarne døydde under eller like etter Svartedauden, og då Erling gjekk bort 1355, vart Sigurd og fru Ingebjørg hovudarvingar. Hovudgarden Giske hadde Erling overført til Ingebjørg året før, sonen Bjarne hadde bede han gjere det medan han låg på det siste. Med Giskegodset følgde dei nordnorske godsa som Erling Vidkunnsson etterlet seg, med dei gamle storgardane Bjarkøy, Tjøtta og Dønnes som sentra. Frå no av var Sigurd Havtoresson Noregs mest godsrike mann, og Giske vart hovudgarden i godskomplekset.
Sigurd var med i krinsen av stormenn som gjorde opprør mot kong Magnus både 1333, då han knapt kan ha vore meir enn 18 år, og 133839. Erling Vidkunnsson var den leiande i den første oppreisten, 133839 var Sigurd hovudmann saman med Ivar Ogmundsson og Bjarne Erlingsson. Eit pavebrev 1334 opplyser at Sigurd var med på å ta biskop Hallvard i Hamar til fange og frårøva han gods og ei borg. Han vart lyst i bann, men løyst frå bannet. Det er uvisst om kontroversen var politisk motivert.
Etter forsoning 1339 er det ingen direkte vitnemål om konflikt mellom kongen og Sigurd, men ting tyder på at kong Magnus den første tida heldt Sigurd noko på avstand. På Varberg slott 1343, då kong Magnus gjorde junker Håkon til norsk konge, var Sigurd, Bjarne Erlingsson og Ogmund Finnsson til stades med væpnarstatus. Fire år seinare, då testamentet til kong Magnus og dronning Blanca vart oppsett, hadde Ogmund vorte riddar, og Sigurd er plassert som nummer to av væpnarane, etter Bjarne. Sigurd og Bjarne må ha fått riddarslaget like etter at testamentet vart oppsett (mellom 15.7.1347 og 16.2.1348). For Sigurd kan det ha skjedd samtidig med at han vart lagmann i Oslo (nemnd første gong som lagmann 18.8.1347). Den om lag to år eldre broren Jon hadde då vore riddar i 10 år. Lagmannsombodet hadde Sigurd truleg til noko etter 1350, og deretter var han nokre år syslemann på Søre Hedmark.
Dei sterke godsinteressene Sigurd fekk på Vestlandet og i Nord-Noreg, kan forklåre at han overtok den prestisjetunge stillinga som høvedsmann på Bergenhus. Han var i open konflikt med hanseatane 1365 og 1366, og 1370 blir hanseatiske overgrep mot herr Sigurd omtala. Dette året hadde han tilhald i Oslo, og under pesten som herja byen, døydde etter alt å døme fru Ingebjørg. Truleg var Sigurd då syslemann på Romerike; han hadde ein lensmann her 1376.
I den følgjande tida ser det ut til at Sigurd konsentrerte seg om administreringa av den svære godssamlinga, som vart sterkt råka i krisetida etter Svartedauden. Men han hadde ein framskoten plass i kongens råd. I fredsavtalen med hanseatane 1369 er han som einaste stormann ved sida av drottseten nemnd som kongens rådgjevar, og i fleire samanhengar, m.a. 1381 då barnekongen Olav 4 vart hylla på Øyratinget, er han omtala som kongens frende. Derimot oppnådde han aldri å bli drottsete. Eit brev frå 1390, som galdt fornying av ei tidlegare jordegodsgåve, må helst tolkast slik at Sigurd då var død.
Sigurd Havtoresson og fru Ingebjørg etterlet seg to born, sonen Håkon, som døydde utan livsarvingar 1407, og dottera Agnes. Ho vart gift med den svenskfødde Jon Marteinsson, og det var deira son, riksforstandar Sigurd Jonsson, som vart sitjande med den svære jordegodssamlinga etter morfaren.
|
Shared note | Records not imported into INDI (individual) Gramps ID I0129:
Line ignored as not understood Line 4146: 2 _PGVU Karsten
|